Haaheim Gaard ligg høgt og fritt på 170 moh, på fine dagar seier ein at ein kan sjå om naustdørane på Shetland er opne.
Me har ein kulturhage med kapell, hagehus og 1500 meter med hagestiar som slynger seg mellom små hagerom med benker og blomsterbed.
Hotellet har i dag 23 rom, kor suitene er fra 35-45 m2 med eiga badstu. Rommene er innreia i historisk stil, dei fleste med rekonstuerte historiske tapetar fra svenske og norske herregårder og slott. Me har fleire ulike lokale for selskap ; Spisesalen og Konsertsalen har plass til 70 og 80 i gjestebod.
Me har og Vinkjelleren og Malenesalongen som er mindre selskapslokale til små private selskap, med plass til 12 gjester.
Me har kulturarrangementer gjennom året med konsertar/opera, teater/revy, foredrag, vin/ølsmakingar, chefsdinner og store lokalmatmiddager. Haaheim blir mykje nytta til kurs og konferansar, til feiring av store dagar og til romantiske opphald for dei ein er glad i.
I 2021 åpna Haaheim Gaard sitt eige chocolateri på handelsstaden vår, E H Vaage.
Der handstøyper vi konfekten vår og fyller dei med gode smakar av naturlege råvarer. Til jul sel vi konfektesker som gåveartiklar til både private og bedrifter
Eg,husfar Torstein, har i fleire år samla på gamle møblar og gjenstandar.
Eg har spesielt interessert meg for Knagmøbler og har i haust henta heim ein del gode møblar til Haaheim. Møbelsnikkarfirmaet Chr. Knag AS vart etablert av Christopher Severin Knag i 1879 og vidareførte av son hans Alf Knag. Firmaet leverte møblar til bergensarane i nesten hundre år før det vart nedlagt i 1975. I dag er Knagmøbler sett på som familieklenodie og samleobjekt. Og vi samlar og tar vare på !
Vi har og hus-runde med omvisning og historieforteljing om alt me samlar på og tar vare på.
Chefs Dinner er blant Norges største ildsjeler for lokal mat og drikke.
Me held Chefs Dinner arrangement på utvalgte stader i Norge med smaksmenyar basert på lokale råvarer, lokal drikke, humor og kreativ kokkekunst.
Årlige middager på utvalgte plasser i Norge
Finn datoer for arrangementer i arrangementkalenderen
Ta gjerne kontakt om du har lyst å gjeste oss!
Velkommen til handel.
Nede i Uggdalseidet har vi starta opp museum av det gamle bakeriet. Vi sel lokalproduserte gårdsprodukt, nybakt brød og Haaheim sin eigenproduserte konfektsjokolade, Haaheim Sjokolade.
Om sommaren har vi gastropub, og her kan du bestilla lukka selskap til di gruppe. E.H Vaage er ope i helgene i høgsesongen samt etter avtale året rundt.
Gamleposten ligg på den heilt unike øya Espevær utanfor Bømlo. Har du aldri vore der - er det kanskje på tide å ta seg ein tur ?
Gjennom gode smakar, godt selskap og historiefortelling skal me løftast ut av kvardagen.
Gamleposten er open som sesongrestaurant. Velkommen !
KONTAKT Gamleposten : Reservering:
(+47) 41 21 51 75 / 90 98 08 14
gamleposten5444@haaheimgaard.no
På Haaheim gaard arrangerer me store og små selskap og arrangement for både privatpersonar og bedrifter. Enten du vil ha ein stor fest i restauranten eller festsalen - eit kaffislabberas med familien - eller kanskje ein idédugnad med kolleger i Veksthuset; vi lytter og lagar forslag til arrangementet ditt med spennende lokaler.
Husfar Torstein og gartnar Ingrid vil at hagen skal vere både til nytte og glede. Her skal du kunne gå i fred og drøyme deg bort - eller du kan vere med på guida hagevandring, som blir sett opp med jamne mellomrom. På Haaheim er me glad i å dyrke etande vektster, noko som er synleg både på tallerken, i hagen og i veksthusa. Her er det drivhus og pallekarmer fulle av ureiste grønsaker.
Me har mange plassar å anbefale deg å besøke når du er på Tysnes. Du finn aktuelle tips og idear til turar, aktivitet og arrangement på denne sida
Takk for din påmelding!