
Arbeidet vårt med å «ta vare på»
Inspirasjonsprisen – publikumspris
Det var Haaheim Gaard som stakk av med publikumsprisen «Årets Miljøfyrtårn 2025»! Haaheim Gaard engasjerte stort og fekk desidert flest stemmer av finalistane.
«Med en klar ambisjon om å ivareta både mennesker, natur og lokal kultur har Haaheim arbeidet målrettet og strukturert med å forbedre miljøaspektene ved driften av gården.» – Ann-Kristin Ytreberg, adm. direktør Miljøfyrtårn
85 %
reduksjon matsvinn per gjest, 2022–2024
30 %
auke i kjeldesorteringsgrad på eitt år
2022
Miljøfyrtårn-sertifisert
For å bidra i arbeidet med å ta vare på jorda vår, må vi som lita reiselivsbedrift ta vare på dei tinga vi kan kontrollere. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko.
På Haaheim Gaard har vi sett oss nokre fokusområde og arbeider konkret og målretta med det vi kan påverke her og no. Vi må ta vare på lokalsamfunnet, trygge arbeidsplassane for folka våre, ta vare på naturen, insekta og artane, redusere matavfall og eingangsløysingar, tenkje kortreist og bærekraftig når vi gjer innkjøp – og spare energi der vi kan.






«Det handlar jo mykje om å gjere som farmor på Espevær gjorde. Ho vaska brødposar, stoppa strømpene, brukte handlenett og laga dei deiligaste rettar av restemat. Ho kasta aldri noko. Ho tok vare på kvar ein smule.»
Husfar Torstein
Ein viktig del av arbeidet på Haaheim Gaard er å vere Miljøfyrtårn-sertifisert. Det betyr at vi har etablert eit miljøleiingssystem som styrer klima- og miljøarbeidet og hjelper oss med å oppnå kontinuerleg forbetring. Sertifiseringa inneheld konkrete krav innan arbeidsmiljø, avfall, energi, innkjøp og transport. Kvart år fyller vi ut ein klima- og miljørapport som vert gjord offentleg tilgjengeleg.
Vi skal auke andelen råvarer frå eigen hage. Det skal ikkje brukast kunstig gift eller gjødsel, og det biologiske mangfaldet skal vidareutviklast.
Vi skal kjøpe brukt der vi kan og vedlikehalde hus og hage for lang levetid og energisparing. Vi vel leverandørar som jobbar aktivt med bærekraft.
Vi skal redusere matavfall med 30 % gjennom optimal menyplanlegging, gode kjøkken- og innkjøpsrutinar og bruk av sesongsråvarer og eigenprodusert mat.
Vi skal vidareutvikle ei effektiv og praktisk kjeldesortering, og vere ein pådrivar for at leverandørar sorterer ut gjenvinnbare materialar.
Vi skal føre statistikk over kjemikaliebruk og redusere bruken med 15 %. Vi brukar leverandørar av kjemikaliar som har miljømerking.
Kundane våre skal ha tilbod om økologiske matvarer og vegetarmenyer. Vi kartlegg andelen økologisk mat med Miljøfyrtårn sin rettleiar.
Vi ønskjer «ta vare på» som ein haldning og verdi internt. Kompetanseheving, medverknad, opplæring og fokus er viktige innslag i alt vi gjer kvar dag.
Vi skal redusere driftstida til tider tilpassa reell bruk av rom og lokale: innetemperatur, unødvendig lys, straum til teknisk utstyr og unødig vassforbruk.
Vi skal engasjere oss i og gje positiv kraft til lokalsamfunnet og lokal kulturarv, lokale arbeidsplassar og lokale produsentar av mat, tenester og opplevingar.
Miljøfyrtårns jury let seg imponere av det store ansvaret Haaheim Gaard tek for lokalmiljøet og folka i det. Me arrangerer sterkt nedsette kveldar for eldre og bidrar med gåvekort til lag og foreiningar.
«Det Haaheim Gaard gjør er imponerende. Dei er ein gammal gård med få tilsette, men dei er driftige, strukturerte og dedikerte til bærekraft – både sosialt og miljømessig.» – Ann-Kristin Ytreberg