Gatsbyjul på Haaheim
    HAAHEIM GAARD · JUL 2026

    Jul på Haaheim

    Gatsbyjul, julelunsj, julemiddag og julebord

    Haaheim blir transformert til ei hemmeleg juleverd inspirert av 1920-talet – med julemat, arrangement, julebutikk og gåvekort gjennom heile juleperioden.

    Velkomen inn i verda

    Heile Haaheim blir julepynta med inspirasjon frå dei glitrande 1920-åra. Frå du kjem inn døra skal du kjenne at du har gått inn i ei anna tid – med overdådige juledekorasjonar, levande lys, fløyel, gull, fjører, perler og detaljar inspirerte av Gatsby-tida.

    Og medan resten av huset gjer seg klart til jul, går seddelpressa varm i all hemmelegheit. Haaheim-dollarane rullar ut, speleborda blir gjort klare, cocktailane blir prøvesmakte – og bak enkelte dører skjer det ting me førebels ikkje kan fortelje om.

    Me er klare for ei annleis julefeiring. Velkomen til Gatsbyjul på Haaheim.

    Julestemning på Haaheim
    Bilete

    Julestemning på Haaheim

    Stemningsbilete frå den julepynta verda – jul på Haaheim i bilete.

    Bileta i denne seksjonen er AI-genererte illustrasjonar, laga for å formidle julestemninga på Haaheim.

    Julestemning på Haaheim – bilete 1 av 6
    Julestemning på Haaheim – bilete 2 av 6
    Julestemning på Haaheim – bilete 3 av 6
    Julestemning på Haaheim – bilete 4 av 6
    Julestemning på Haaheim – bilete 5 av 6
    Julestemning på Haaheim – bilete 6 av 6
    Planlegg besøket ditt

    Jul på Haaheim – kalender

    Julemeny 1 og Julemeny 2 går annakvar dag frå 15. november. Her finn du dagens julemeny, julelunsj og arrangement i perioden 15.11.2026–20.12.2026.

    JULEMENY 1 JULEMENY 2 Julelunsj 12–15 Arrangement

    Arrangement i jula

    13.11.2026–14.11.2026 · kl. 19.00

    12 retters Chefsdinner «Go Christmas»

    Ei eksklusiv julefeiring med 12 rettar skapt av kjøkkensjefen. Julestemning, lokale råvarer og eit nøye uttenkta program gjer dette til kveldar du ikkje gløymer.

    Sjå kalenderen
    05.12.2026 · kl. 19.00–22.00

    Jul med Tenorene og Steffen Horn

    Den årlege julekonserten med Tenorene og Steffen Horn er attende! Ein magisk julekveld med vakker musikk, middag og den unike stemninga på Haaheim.

    Sjå kalenderen
    30.12.2026–01.01.2027 · kl. 15.00

    Nyttår på Haaheim Gaard

    Avslut året i stil på Haaheim Gaard. To netter med festmiddag, nyttårsfest, frukost og ein uforgløymeleg overgang til det nye året.

    Sjå kalenderen

    Julemenyane må førehandsbestillast

    Send oss ein førespurnad, så finn me saman den beste datoen og menyen for dykk.

    På førehandsbestilling

    Mat i jula på Haaheim

    Julelunsj, julemiddag, julebord, vegetarmeny og barnemeny – samla på éin stad. Alt på førehandsbestilling, med prisar og allergener oppgitt for kvar rett.

    Onsdag–søndag kl. 12.00–15.00 · 16. november–20. desember · på førehandsbestilling

    Tallerken med julesmakar frå Haaheim

    kr 395

    Roastbiff, nellikflesk, lammerull, røykt laks og akevittsild, servert med Haaheim-sennep, raudbetsalat og eggesalat, grovt brød og smør.

    Allergen: gluten (kveite), gluten (rug), fisk, egg, sennep, mjølk

    Glasert ribbe

    kr 425

    med raudkål, sennepssaus og sesamrista småpoteter

    Allergen: mjølk, sennep, sesam

    Omnsbakt torsk

    kr 420

    med glasert gulrot, brun lauk, soyasmør med kapers og potetpuré med pepperrot

    Allergen: fisk, soya, mjølk

    Potet- og purrelaukssuppe

    kr 320

    med bruna bacon og sellerirot, servert med brød

    Allergen: mjølk, selleri, gluten (kveite)

    Attepå – «Ondna tådno»

    Dessert

    Blåmuggost

    kr 145

    med eplemos, kanel og pepperkaker

    Allergen: mjølk, gluten (kveite), egg

    Heimebaka julekaker

    kr 95

    fire sortar, laga med kjærleik

    Allergen: gluten (kveite), mjølk, eggKan innehalde nøtter og mandlar, avhengig av dagens utval.

    Riskrem

    kr 145

    med kirsebærsaus

    Allergen: mjølk

    Julemenyane må førehandsbestillast. Glutenfrie og laktosefrie alternativ er tilgjengelege.

    kr 845

    3 rettar

    kr 1 095

    5 rettar

    kr 1 395

    7 rettar

    1. Grava kamskjel

    med syrna fløyte, dillolje og små, sylta lauk

    Allergen: blautdyr, mjølk

    2. Grava hjort

    med einermajones, ruccola, Myrdalsost og sylta plomme

    Allergen: egg, mjølk, sennep

    3. Ostekake på Haaheim-si røyka aure

    med urtekremost, rogn og sprø potetchips

    Allergen: fisk, mjølk

    4. Pannesteikt torsk

    med jordskokkpuré og bruna hasselnøttsmør

    Allergen: fisk, mjølk, hasselnøtter

    5. Kremet raudbetesuppe

    med rista graskarkjerner og syrna fløyte

    Allergen: mjølk

    6. Ytrefilet av reinsdyr

    med karamellisert potetpuré, bakt persillerot, smørsteikt skogsopp, solbær og einebærsaus

    Allergen: mjølk, selleri

    7. Epledessert

    med kvit sjokoladekrem

    Allergen: mjølk, egg

    1. Røykt og speka kval

    med selleri- og tranebærsalat, honning, einermajones og sprø rugchips

    Allergen: selleri, egg, sennep, gluten (rug)

    2. Mini-smørbrød med røykt makrell

    med eple- og sellerisalat

    Allergen: fisk, selleri, gluten (kveite), egg, sennep

    3. Roastbiff av ytrefilet av okse

    med omnsbakte rotgrønsaker, sjysaus og sylta kantarellar

    Allergen: selleri, mjølk

    4. Smørsteikt kveite

    med pastinakkrem, sprø grønkål og sitronsmør

    Allergen: fisk, mjølk

    5. Gulrotsuppe

    med chili, appelsin og ingefær

    Allergen: mjølk, selleri

    6. Andebryst

    med eple- og sellerirotpuré, raudvinssaus, cognacmarinerte svisker og fondantpotet

    Allergen: selleri, mjølk

    7. Karamellterte

    med portvinmarinerte pærer, mørk sjokolade og cappuccinokrem

    Allergen: gluten (kveite), mjølk, egg

    Julemenyane må førehandsbestillast. Glutenfrie og laktosefrie alternativ er tilgjengelege.

    1. Tangkjeks

    med dillkrem og sylta asparges

    Allergen: gluten (kveite), mjølk

    2. Salat med chèvre

    med honning og rista valnøtter

    Allergen: mjølk, valnøtter

    3. Raudbetetartar

    med ostechips, sennepsmajones og spirer

    Allergen: mjølk, egg, sennep

    4. Smørsteikt blomkål

    med blomkålpuré, bruna smør med soya, lauk og kapers

    Allergen: mjølk, soya

    5. Gulrot- og appelsinsuppe

    med rista kikerter

    Allergen: mjølk, selleri

    6. Smørsteikt kålrull

    fylt med kikerter, sopp, valnøtter, cashewnøtter, paprika og gulrot, servert med fløyte- og tomatsaus og bakte småpoteter

    Allergen: mjølk, valnøtter, cashewnøtter, selleri

    7. Karamellterte

    med portvinmarinerte pærer, mørk sjokolade og cappuccinokrem

    Allergen: gluten (kveite), mjølk, egg

    Barn kan velje tre valfrie smakar frå julemenyen, eller velje mellom rettane under.

    Tre valfrie smakar frå julemenyen

    kr 245

    Allergen etter kva rettar som vert valde.

    Pølse og potetpuré

    kr 145

    Allergen: mjølkPølsa kan innehalde fleire allergen – sjå produktdeklarasjonen.

    Spagetti bolognese

    kr 145

    Allergen: gluten (kveite), selleri

    Is med sjokoladekake

    kr 85

    Allergen: mjølk, egg, gluten (kveite)

    Julebord på Haaheim

    Samle gjestene rundt bordet i historiske rammer – med julemat, lys og den rolege, varme stemninga på Haaheim.

    Julebord

    kr 895 per person

    Send førespurnad for bestilling.

    Julebord med to serveringar

    kr 1 095 per person

    Ostekake på Haaheim-si røyka aure

    med urtekremost, rogn og sprø potetchips

    Allergen: fisk, mjølk

    Tradisjonstallerken

    med pinnekjøt, ribbe og julepølse, servert med poteter, kålrotstappe, heimelaga raudkål og ribbesaus

    Allergen: mjølk, selleriJulepølse og saus kan innehalde fleire allergen, avhengig av oppskrift og produkt.

    Riskrem

    med bærcoulis

    Allergen: mjølk

    Allergeninformasjon

    Gi oss beskjed om allergiar eller intoleransar ved bestilling. Vi tilpassar så langt det er mogleg. Glutenfrie og laktosefrie alternativ er tilgjengelege.

    Allergen for kvar enkelt rett er oppgitt under retten i menyane over.

    For bedrifta og for gåver

    Bedrift, gåvekort og julebutikk

    Tre raske vegar inn i jula på Haaheim: julesamling for bedrifta, gåvekort til dei du er glad i og den vesle landhandelen.

    Bedrift på julesamling

    Juleavslutning, julebord eller leiarsamling i historiske salar – med mat og ro, heilt utan stress.

    • Juleavslutning
    • Julebord
    • Leiarsamling
    • Kundearrangement
    • Mindre selskap
    • Større grupper
    • Middag med overnatting
    • Opplevingar kombinert med mat

    SalarHovudsalen 65 · Hagesalongen 35 · Vinkjellaren 12 · Bakeriet 15

    Overnatting24 rom

    Møteopptil 50 · projektor, lyd, WiFi

    Serveringkaffi/te · lunsj/middag · vin

    AktivitetarHagevandring · Vinsmakingar · Historiske vandringar · Walk & talk · Fotturar · Damp & Bad for grupper

    Send førespurnad

    Meir om salar og fasilitetar: /private · /conference

    Gåvekort til jul

    Eit gåvekort til overnatting, middag eller ei oppleving på Haaheim – ei gåve som varer lenger enn jula.

    • Overnatting
    • Middag
    • Pakkar for to
    • Produktgåver frå Haaheim

    Ei gåve med smak av Haaheim.

    Julebutikken

    I den vesle landhandelen finn du Haaheim Sjokolade laga på staden, syltetøy frå hagen og gåver å ta med heim.

    Konfekteske

    Konfekteske

    3 magiske bitar

    3 magiske bitar

    Syltetøy

    Syltetøy

    Bakst og kaffikaker

    Bakst og kaffikaker

    Sjå landhandelen

    Open i resepsjonens opningstider. Ingen nettbutikk – du må kome hit.

    Opplevingane

    Kva skjer på Haaheim?

    Noko står i programmet. Resten må du oppdage sjølv – bak ei dør finn du kanskje den hemmelege baren, og rundt omkring i huset dukkar det opp gåter, spor og små mysterium.

    Julekonsertar og levande musikk

    Klassiske cocktails frå 1920-talet

    Vår hemmelege bar

    Spelerom og spelebord

    Haaheim-dollar

    Gåter og små mysterium i huset

    Utkledningsutstyr frå Gatsby-tida

    Fotostasjon med veteranbil

    Julemat og lange kveldar i historiske omgjevnader

    Små overraskingar me ikkje kjem til å avsløre på førehand

    Kle deg for anledninga

    Du treng sjølvsagt ikkje kome utkledd. Men har du alltid hatt lyst til å finne fram dressen, vesten, hatten, fjørene, perlene eller paljettane, er dette kvelden å gjere det.

    Og manglar du noko, skal me ha utkledningsutstyr på Haaheim slik at du kan gjere Gatsby-stilen komplett.

    Varme lys på Haaheim
    Julepynta hage

    Programmet er klart

    Julekalenderen ligg no på plass – med julemenyane annakvar dag, julelunsj, julebord, konsertar og andre arrangement gjennom heile juleperioden.

    Julekonsertar, mat, cocktails, aktivitetar og små hemmelegheiter skal fylle huset gjennom juleperioden.

    For når mørket fell over Haaheim, lysa blir tende, musikken byrjar å spele og Haaheim-dollarane skiftar eigar, kan det hende huset har nokre overraskingar på lur.

    Sjå kalenderen

    WHAT HAPPENS AT HAAHEIM,
    STAYS AT HAAHEIM.