Bryllup på Haaheim
    Haaheim Gaard

    Bryllup & selskap

    Skap minne for livet på Haaheim Gaard

    Romantiske rammer for bryllup og runde dagar

    Haaheim Gaard skapar romantiske rammer for bryllup og flotte rammer for runde dagar, jubile og andre selskap. I den store rosehagen kan ein rusle på hagestiar, mellom fleire hundre roser og rododendron, og tende lykter i frukthagen.

    Mottaking med champagne kan serverast i hagen eller på ein av terrassane. I hagen finn ein og eit lite kapell og eit lysthus. Kanskje song til brudeparet eller jubilanten her kan passe før ein går til bords?

    Rosehagen
    Terrassen

    Restauranten har historisk stil og me dekker på borda med damaskdukar og tøyserviettar, og med kandelabrar og blomar frå hagen i sesongen. Historisk stil er det òg på romma på Haaheim.

    Her kan du bade i løvebadekar med urter eller roseblader, nye utsikten over hagen og mot skjærgarden, og vakne opp til lukta av nysteikt brød frå steinovnen.

    Kvart selskap vert sydd saman med gjestene. Menyane planlegg me òg saman, basert på tilgjengelege lokale og kortreiste råvarer. Vel mellom 3, 5 eller 7 retters meny, med vin frå vinkjellaren, Haaheims eige øl eller eplemost frå Hardanger.

    Salar og kapasitet

    Hovudsalen

    65

    gjester

    Hagesalongen

    35

    gjester

    Vinkjellaren

    12

    gjester

    Bakeriet

    15

    gjester

    Rosehage & kapell

    Hundrevis av roser, rododendron, lysthus og lite kapell

    Vin & drikke

    Eige øl, eplemost frå Hardanger, vin frå vinkjellaren. Bar med alle rettar.

    Skreddarsydd meny

    3, 5 eller 7 rettar – planlagt saman med deg og basert på kortreiste råvarer