Haaheim Gaard

    Magiske augneblikk

    For dei som kan sjå med attlatne auge

    Haaheim Gaard – hotellet

    Hotellet

    Historisk stil på 170 moh

    Haaheim Gaard ligg høgt og fritt på 170 moh. På fine dagar seier ein at ein kan sjå om naustdørane på Shetland er opne.

    Hotellet har i dag 23 rom, kor suitene er frå 35–45 m² med eiga badstu. Romma er innreia i historisk stil, dei fleste med rekonstruerte historiske tapetar frå svenske og norske herregårdar og slott.

    Me har fleire ulike lokale for selskap: Spisesalen og Konsertsalen har plass til 70 og 80 i gjestebod. Vinkjelleren og Malenesalongen er mindre selskapslokale for inntil 12 gjester.

    Send førespurnad
    Kulturhagen

    Kulturhagen

    Magiske augneblikk – for dei som kan sjå med attlatne auge

    Me har ein kulturhage med kapell, hagehus og 1500 meter med hagestiar som slynger seg mellom små hagerom med benker og blomsterbed. Husfar Torstein og gartnar Ingrid vil at hagen skal vere både til nytte og glede. Her skal du kunne gå i fred og drøyme deg bort – eller du kan vere med på guida hagevandring.

    Haaheim Sjokolade

    Haaheim Sjokolade

    Handlaga støypt og fyllt konfekt

    I 2021 opna Haaheim Gaard sitt eige chocolateri på handelsstaden vår, E.H. Vaage. Der handstøyper vi konfekten vår og fyller dei med gode smakar av naturlege råvarer. Til jul sel vi konfektesker som gåveartiklar til både private og bedrifter.

    Knag møbler

    Knag møbler

    Knag møbler får ny heim på Haaheim

    Ta vare på. Det tenkjer vi mykje på her. Husfar Torstein har i fleire år samla på gamle møblar og gjenstandar.

    Møbelsnikkarfirmaet Chr. Knag AS vart etablert av Christopher Severin Knag i 1879 og vidareførd av son hans Alf Knag. Firmaet leverte møblar til bergensarane i nesten hundre år før det vart nedlagt i 1975. I dag er Knagmøbler sett på som familieklenodie og samleobjekt.

    Vi har og hus-runde med omvisning og historieforteljing om alt me samlar på og tar vare på.

    Chefs Dinner

    Chefs Dinner

    Gjestebod med lokalmat og humor

    Chefs Dinner er blant Noregs største ildsjelar for lokal mat og drikke. Me held Chefs Dinner-arrangement på utvalde stader i Noreg med smaksmenyar basert på lokale råvarer, lokal drikke, humor og kreativ kokkekunst.

    Årlege middagar på utvalde plassar i Noreg. Finn datoar for arrangement i arrangementskalenderen.

    Sjå arrangementskalender
    E.H. Vaage Landhandel

    E.H. Vaage Landhandel

    Velkommen inn til handel

    Nede i Uggdalseidet har vi starta opp museum av det gamle bakeriet. Vi sel lokalproduserte gardsprodukt, nybakt brød og Haaheim sin eigenproduserte konfektsjokolade. Om sommaren har vi gastropub, og her kan du bestilla lukka selskap til di gruppe. E.H. Vaage er open i helgene i høgsesongen samt etter avtale året rundt.

    Les meir om E.H. Vaage
    Lysthuset

    Lysthuset

    Privat lite selskap?

    På Haaheim Gaard arrangerer me store og små selskap og arrangement for både privatpersonar og bedrifter. Enten du vil ha ein stor fest i restauranten eller festsalen, eit kaffislabberas med familien, eller kanskje ein idédugnad med kollegaer i Veksthuset – vi lyttar og lagar forslag til arrangementet ditt med spennande lokale.

    Send førespurnad
    Gamleposten på Espevær

    Gamleposten på Espevær

    Ta deg ein tur!

    Gamleposten ligg på den heilt unike øya Espevær utanfor Bømlo. Har du aldri vore der – er det kanskje på tide å ta seg ein tur?

    Gjennom gode smakar, godt selskap og historiefortelling skal me løftast ut av kvardagen. Gamleposten er open som sesongrestaurant.

    Kontakt: (+47) 41 21 51 75 / 90 98 08 14 · gamleposten5444@haaheimgaard.no

    Ring oss
    Aktivitet på Tysnes

    Aktivitet på Tysnes

    Her har vi lagt ei god lenke til deg

    Me har mange plassar å anbefale deg å besøke når du er på Tysnes. Du finn aktuelle tips og idear til turar, aktivitet og arrangement på destinasjonssida vår.

    Sjå destinasjon Tysnes