
Dei vakre handverksmøblane frå Bergen
Haaheim har ei stor samling med Knagmøblar – dei vakre handverksmøblane frå Bergen. Dei fleste romma på Haaheim er innreia med desse flotte møblane, og me går jamt på historiske vandringar og fortel om den unike møbelhistoria til Knag.
Christopher Knag etablerte seg som møbelsnekker i Bergen i 1878, i ein liten verkstad i Kroken 3 i Dreggen. Den gongen hadde han berre 60 kroner i startkapital og måtte starte opp med ein leigd høvelbenk. På slutten av 1800-talet var det rundt 45 snekker- og møbelforretningar i Bergen, så konkurransen var hard.
Knag fekk raskt eit godt ry som dyktig snekkar. Han knytte til seg svennar og etter kvart læregutar. Lokala vart for små og han flytta til Skostredet 1, og seinare i 1909 til Domkirkegaten 6, der bedrifta vart verande.
Knag sin produksjon retta seg mot ein vaksande middelklasse, og etter kvart fekk han òg kundar frå borgerstanden. Somme kunder bestilte møblar til heile rom – med ein heilskapleg stil frå enkel empire til svulmande rokokko. Knag laga gjerne fleire utkast som kunden kunne velje frå.
Knag la stor vekt på kvalitet, konstruksjon og stilreine møblar. Bestillingane kom ikkje berre frå Bergen, men frå heile landet og frå utlandet. Han var særskild kjent for sine arbeider i intarsia – bilete i tre innfelt i møbelflater. På det meste var det om lag 60 tilsette.
I 1932 opna bedrifta ein filial i Oslo. I 1938 vart det òg oppretta ein salgsfilial i Bergen, Interiørkunst AS, der dei selde møbelstoffer, golvteppe, gardiner og kunst. Då Alf Knag døydde i 1975 var det slutt for Chr. Knag, som då hadde produsert møblar i 97 år.
Dei staslege møblane lever vidare hjå samlare, på museer og på hotellet – eller som skatta familieklenodier. Me er stolte av å ta vare på den rike arven frå desse fantastiske handverksmøblane. Dei fleste romma på Haaheim er innreia med desse flotte møblane. Eit besøk på Haaheim er ei reise gjennom svunne tider.